Heimevernet (Facebook)Blir tatt alvorleg frå første ledd 🫵
I mai styrka Forsvaret handteringa av varslingssaker ved å etablere Forsvarets sentrale varslingsenhet. Som eit resultat av dette vart det også oppretta ny stilling i Heimevernsstaben: leder varsling.
Leder varsling, Sandra Johansen, ønskjer at det skal bli lågare terskel for å varsle, og meir informasjon om korleis man varslar, kva man skal varsle om og ikkje minst sikre, behandle og ivareta varslaren på ein profesjonell måte.
– Det å varsle er nok ganske høgt-hengande hos folk, og det kan være vanskeleg å varsle. So når man først har tatt det skrittet å varsle so skal dei bli møtt på ein god måte. Det er viktig for oss å ivareta alle partane på en best mogleg måte, og at undersøkingane som blir utført er objektive.
Les heile saka ved å trykke på lenka i kommentarfeltet👇